Theo Delaas Ljunggren (2013) frå Fritid i Fredrikstad Østside er blant de nominerte til Ibelin-prisen. Ill: Mediatilsynet

Ung gamer fra Fredrikstad nominert til Ibelinprisen

Femten ungdomar i alderen 12-18 år er med i kampen om Ibelinprisen, som om ein månad skal delast ut for første gong. Dei nominerte er frå fritidsklubbar i heile landet.

Ibelinprisen – årets rollemodell innan gaming – er ein ny pris, som blir delt ut av Medietilsynet. Prisen ber namnet etter Mats «Ibelin» Steen, og faren til Mats, Robert Steen, leier juryen som skal kåre ein vinnar.

– Prisen skal løfte fram positive førebilde som bidrar til ein trygg og inkluderande dataspelkultur, og førebygge utfordringar knytte til speling, seier fungerande direktør i Medietilsynet, Hanne Sekkelsten.

Heile landet representert

Det er vaksne personar knytte til fritidsklubbar rundt om i landet som har nominert kandidatar. Dei nominerte er:

  • Oliver Rogstad Dørum (fødd 2008) frå Operasjon Firkløver
  • William Rømma (2010) frå eFiks Gaming
  • Ronja Øvstrud Thorberg (2008) frå Kongsberg Vitensenter – Gaming for jenter
  • Mathias Tuurmaa (2011) frå Ny-Krohnborg Ung
  • Kristian Lien (2007) frå Flytårnet fritidssenter
  • Thomas Jenssen (2011) frå MainQuest esport
  • Sondre Pedersen Gjerde (2009) frå Unge Stormen
  • Ragna Kjønnås Rennehvammen (2007) frå Fritid Færder
  • Theo Delaas Ljunggren (2013) frå Fritid i Fredrikstad Østsiden
  • Sindre Langset (2011) frå Ringebu Ungdomshus
  • Benjamin Wilson Hannigan (2010) frå Trikkehallen Kultur- og Ungdomshus
  • Marcus Berntsen Fagerli (2010) frå CUE
  • Arian Gundersen (2013) frå Grasroda ungdomsklubb
  • August Donald (2011) frå Bakgården
  • Robin Garberg Hagen (2008) frå Rubinen

 

Medietilsynets fungerande direktør vil løfte fram alle dei nominerte og klubbane deira.

– Det blir éin pris til personen som vinnar og klubben som vinnaren er tilknytt, men vi må understreke at i dette feltet har vi allereie femten vinnarar og like mange vinnarklubbar. Alle involverte som er med nå, er spelarar som bidrar til ein positiv gamingkultur og klubbar med fokus på dette, seier Sekkelsten.

Prisutdeling i Fredrikstad

Ei lita veke før prisutdelinga, den 6. november, vil femten kandidatar bli til tre. Da vil det bli klart kven av dei nominerte som blir med i eit “finaleheat” som blir invitert til prisutdelinga i Fredrikstad den 12. november.

Våre siste saker her:

Over 100 gratis arrangementer – og verdenspremiere på elva under Kulturnatt
Fredrikstad skal fylles med konserter, dans, teater, kunst og andre kulturopplevelser...
To Fredrikstad-kunstnere sentrale når Høstutstillingen åpner
Når Høstutstillingen åpner på Kunstnernes Hus neste uke, er Fredrikstad representert...
RSA BIL åpner dørene til nytt bilanlegg i Fredrikstad
Mandag 31. august tar RSA BIL Fredrikstad i bruk sitt nye anlegg i Stabburveien...
Bil
NAF-tall overrasker: Flatt batteri topper listen om sommeren
Kulde får gjerne skylden når bilen nekter å starte. Men flate batterier skaper...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *