Inger Vollstad foran en murvegg.
INGEN DEKNING: Moderne bygg kan vere så godt isolerte at veggane held mobildekninga ute. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit ved seksjonssjef Inger Vollstad oppfordrar til eit betre samarbeid mellom byggjebransjen og mobiloperatørane. Foto: Nkom

Denne veggen kuttar telefonsamtalen din

Nye bygg er så godt isolerte at mobildekninga blir stengt ute. No etterlyser Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) betre samarbeid mellom byggjebransjen og mobiloperatørane.

-Kommersielle aktørar må skunde seg og ikkje vente på at myndigheitene skal regulere. Vi meiner det er best at aktørane sjølv kjem fram til gode løysingar saman, seier seksjonssjef Inger Vollstad i Nkom.

Det er hovudsakleg endringar i byggtekniske forskrifter som skaper utfordringar med mobildekning i nyare bygg.

– Moderne mobilnett brukar høgare frekvensar, og det gir oss raskare internett. Det krev imidlertid fleire antenner eller spesielle system for å fungere godt inne i tette og moderne bygg. Det kan forklare kvifor mobildekninga forsvinn i moderne bygg sjølv om det har vore dekning i det same bygget med eldre mobilteknologi, seier Vollstad.

Pekar på kvarandre

Nkom har laga eit utkast til ein rettleiar som skal hjelpe bygningseigarar og leigetakarar som slit med dårleg dekning i sine bygg. På denne har det kome inn 18 høyringsinnspel.

– Nokre av tilbakemeldingane vi har fått er at det ofte blir diskusjonar mellom mobiloperatørane og byggherrane, dei som skal drive eit bygg og leigetakarar om kven som har ansvaret for å sikre god nok mobildekning i bygget. Det blir ei peikelek, seier Vollstad.

Ho understrekar at det er uaktuelt for Nkom å kome med pålegg.

– Vi tar sikte på å behandle høyringsinnspela slik at ein oppdatert versjon av rettleiaren blir tilgjengeleg, men det vil ta noko tid. På sikt utelukkar vi heller ikkje at Nkom tek del i den nødvendige dialogen mellom mobiltilbydarane og eigar eller den som brukar bygget, seier Vollstad.

Forbrukaren har makta

Nokre av innspela på rettleiaren, som no har vore ute på høyring, er at enkelte aktørar sit på gjerdet og ventar på ei løysing frå Nkom.

– Vi meiner det ikkje er riktig at dei som leiger eit kontorlokale sit igjen med ei problemstilling dei kanskje ikkje har tenkt over. Difor er det viktig for oss å gjere denne utfordringa kjend slik at leigetakarar og eigedomsforvaltarar kan stille krav til god dekning i sine leigekontraktar og driftsavtalar, seier Vollstad.

– Ingen ønskjer å leige eller drive eit bygg som manglar god mobildekning, legg ho til og avsluttar:

– Skal du bygge ut noko nytt, bør du inkludere mobildekninga i anbodet ditt. Om du skal leige eller framleige eit bygg som allereie har dårleg mobildekning innandørs, bør du la mobilselskapa konkurrere om deg som kunde.

Våre siste saker her:

Røde tall i rekordmange kommuner - svakeste resultater på 40 år
2024 ble et bunnår for norske kommuner, med de svakeste resultatene på nesten...
Østfoldkommuner sørger for brød til folket
Østfold er et av Norges minste fylker og utgjør bare litt over 1 % av Fastlands-Norges...
Slik får du hunden til å bli glad i vann
Sommeren er her, og mange hundeeiere ønsker å ta med hunden på en kjølende dukkert....
Sikkerhetsvarsel til eiere av fritidsbåten Dolmøy 230 Fisker
Sjøfartsdirektoratet advarer eiere av Dolmøy 230 Fisker produsert før 2017,...

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *